søndag 12. oktober 2008

Stolt, stolt, stolt

No set eg her, i mitt rosa rom. Helga er over, og ikkje klar for ny veke. Eg sukkar!
Men stolt er eg då. For nemleg har eg våre edru heile helga! Eg skal ikkje legja skjul på at eg har våre tyst, virkelig tyst! Men ingenting å gjera med det. Eg kunne ikkje eingong kjøpa meg alkohol innan kl 6. Neida, alkohol salget stengjer kl 3 på laurdagar. Viss du spørr meg, er dette virkelig bortkasta! Kva vil Kvam Herad styret med det? Det blir jo ikkje til at ungdommar drikk mindre, ungdommane vil berre sikra seg tidlegare med drikka. Og godt mulig å starta endå tidlegare på dagen! Tull, alt saman. Mitt problem på laurdag var igrunn at eg ikkje ordna meg polvarer innen kl 2, og eg drikk minimalt med ØL! For det smakar py, rett og slett.

Menmen, eg fekk no vertfall kost meg da. Min gode, gode mor feirte bursdag, og det var mange på besøk. Eg er glad i mor og far! Og savnar å ha di i samme hus kvardag. Men sånn er det å studere borte. Anyways, bursdagen var då koselig, med god mat, og kaker! Mmm.. Ikkje minst var det slektningar eg ikkje hadde sitt på lenge, og mange små barn som smilte, og lo! Det var kos.
Seinare på kvelden, måtte eg ha ein liten pause frå små barn og mykje bråk. Så då havna eg hos min gode nabo, Silje Marie. Der var mange gode jenter! Nina, Marianne, Kristi, Silje, Ingun, Kine, Marte og Ida. Me såg film, og spelte kortskalle.


Igjen utpå kvelden, tok Nina og eg turen innom bistroen. Der fann me mi godaste godjente, Anette. Ho var full, veldig full. Ho vaste, og var sint, veldig sint. Det var morsomt, for ho var søt. Like søt som alltid. Eg diggar å vera med ho, og når me drikk begge to, er det fryktelig artigt og vase med ho. Ho masar, eg masar, og korleis det er å høyre på oss samtidig undrar eg godt på!

.............................................................................

No er klokka slegen 00:17, og Lene har gjebursdag. Ho blir 19år. Stor jente, wehu! Gratulera med dagen til deg roomie <3

Ingen kommentarer: